Det er tre uvanleg dyktige musikarar som gøymer seg bak namnet «Flukt». For to år sidan gav dei ut «Spill», nå ligg ein ny cd – «Drufiacc» – klar for slepp, og det blir såkalla release-konsert på Herr Nilsen i Oslo 14/11.
Det er god norsk gammaldans som er utgangspunktet for Øivind Farmen, akkordion, Sturla Eide, fele og hardingfele, og Håvard Sterten, trommer, når dei kastar seg ut i det dei sjølve kallar «folkemusikalske svev med stort vingespenn». Og luftige svev er det verkeleg. Legg derfor bort alle tilvande oppfatningar om at her er det litt tung i sessen-rytme og enkle harmoniar ute og går. Nei, her går det i asymmetrisk polsdans og sigøynarinspirert schottis i veksling med valse melancolique og sakral bryllupsmusikk. Musikken til heiderskrona spelemenn frå feleområdet som Jo Gjermunds, Hallvard Ørsal og Anders Flaten blir sprita kraftig opp, men alt er gjort med fagleg dugleik og stor respekt for den indre, folkemusikalske kjerna.
Sjølvsagt er det også splitter ny musikk å høyre. I Sturla Eides «Dimisjonspols» sporar vi pur glede over å bli kvitt «bukse, under, vinter, lang» ein gong for alle, og Ronny Kjøsen viser også på dette albumet at han er eit oppkomme når det gjeld å nyskape sprelsk og sprø folkemusikk.
Vest-Telemark KVITESEID: E134 vest for Morgedal er fortiden stengt grunnet bilberging. Les mer