NY ALARM: Leiar ved Steinmoen bu- og servicesenter, Bjørg Nordbø, kan hive dei gamle bjøllene i søpla. No har bygdefolket og kommunen gått saman om alarm til dei eldre.
NY ALARM: Leiar ved Steinmoen bu- og servicesenter, Bjørg Nordbø, kan hive dei gamle bjøllene i søpla. No har bygdefolket og kommunen gått saman om alarm til dei eldre. Foto: Else Børte

Gåvmildt bygdefolk skaffa alarm

I Åmotsdal skal det ikkje stå på gjevargleda. 15 000 kroner har bygdefolket samla inn til alarm for dei eldre.

Publisert 31.01.2011 kl 14:08 Oppdatert 01.02.2011 kl 06:40

Tips en venn på e-post:

KJENNER SEG TRYGGARE: Bebuarane Åse Abrahamsen, Ingebjørg Moland og Arnhild Tveiten fortel at dei kjem til å føle seg tryggare om natta. Det har vore vanskeleg for dei gje lyd frå seg om dei treng hjelp nattestid, sjølv om nattevaktene er dyktige, som dei seier.
KJENNER SEG TRYGGARE: Bebuarane Åse Abrahamsen, Ingebjørg Moland og Arnhild Tveiten fortel at dei kjem til å føle seg tryggare om natta. Det har vore vanskeleg for dei gje lyd frå seg om dei treng hjelp nattestid, sjølv om nattevaktene er dyktige, som dei seier. Foto: Else Børte

Bergit Haugan (93) sovna inn nyårseftan. Det gjorde ho akkurat på den plassen ho hadde ynskje om, nemleg Steinmoen bu- servicesenter. Dottera, Aase Therkelsen som sjølv flytta frå Åmotsdal som 14-åring, fortel at det må vere den beste staden på jorda ein kan vere på i dei eldre dagar. Men noko var ikkje som det skulle vere.

- Det var ingen alarm der. Dei som trong hjelp om natta banka i veggane og ropa for å få kontakt, seier Therkelsen.

KREATIVE LØYSINGAR

Ho meiner Steinmoen bu- og servicesenter hang langt etter behovet. Sjølv om Steinmoen bu- og servicesenter er meint som leilegheiter for eldre og ikkje som ein gamleheim, så bur det eldre som treng hjelp der. Det får dei også, både frå dei som jobbar på sjølve senteret og heimetenesta. Men det var ikkje alltid like enkelt for bebuarane å formidle at dei trong hjelp.

- Eg var forferdeleg fortvila då eg såg dette, seier Therkelsen.

Ho fortel om ringklokker, bjøller, baby call og stuttljåorv til å banke i veggen med.

- Eg hugsar ein bjøllealarm med tråd som gjekk frå soverommet til mor, gjennom stua, ut i den lange korridoren og inn på vaktrommet der nattevakta sov, minst dottera.

SAMLA INN PENGAR

Familien til Bergit Haugan skreiv i dødsannonsen at pengar til alarmanlegg på Steinmoen var like kjært som blomster, skriv Vest-Telemark blad.

- Eg og familien ville gjerne skaffe senteret ein alarm etter å ha sett kor vanskeleg dei som jobbar der har det, seier Therkelsen.

Frå bygdefolket kom det 10 000 kroner.

- Mamma var nok ei av dei eldste i bygda, seier Therkelsen.

Då TA besøkte Steinmoen bu- og servicesenter hadde dagleg leiar akkurat fått den hyggelege beskjeden om at nokon frå bygda ville gje 5 000 kroner ekstra til alarmanlegget. Ordførar og rådmann løyvde også 16 000 kroner på oppfordring frå pårørande til dei på senteret. No er det nok pengar til alarm.

PLEIETRENGANDE

Bjørg Nordbø er leiar ved Steinmoen bu- og servicesenter, der det er plass til åtte meir eller mindre friske eldre.

- Senteret er ikkje tenkt som pleieheim, men det bur pleietrengande her, seier Nordbø.

Ho fortel om eit godt samarbeid med heimetenesta.

- Behovet for sjukeheimsplassar har blitt ein kork i Seljord kommune, seier ho.

Ho synest det er betre å la dei pleietrengande kome til bu- og servciesenteret enn at dei ligg heime og ventar. Det går 4,78 årsverk på senteret. På dagtid er dei to, men på natta har dei berre ei sovande nattevakt.

VIL VERE DER LIVET UT

- Mange av dei som bur her har lyst til å vere her livet ut. Slik var det med Bergit, seier Nordbø.

Dei som jobbar på bu- og servicesenteret vil at brukarane får bu der og ha det best mogleg på sine eldre dagar.

- Det har som regel gått bra på dagen, men vore verre på natta, innrømmer ho.

Ho fortel at dei som jobbar der visste at baby call ikkje var så bra, men at det fungerte bra akkurat der og då.

- Men me høyrte alt bebuaren føretok seg, så det slutta me med, seier Nordbø.

Ho har stor forståing for at kommunen har mange hol dei må putte pengar i, men ser også at det er vanskeleg å ha forståing for på kvar tue.

KAMP OM PLASSANE

- Grunnen til at det ikkje har vore alarm er at det er friske eldre som har budd der, seier kommunalsjef i Seljord, Kari Gro Espedalen.

Ho innrømmer at det av og til bur folk som burde hatt sjukeheimsplass der.

- Dette er det to årsaker til. Folk vil bu der og Seljord har eit stort press på sjukeheimsplassane, seier Espedalen.

Heddeli er eit anna bu- og servicesenter i Seljord. Der bur det 13 personar. Dei har alt alarm. Kommunen opnar tre nye sjukeheimsplassar etter at dialyseavdelinga flytter ut av sine lokale i Seljord sentrum 16. september.

- Korleis vil Seljord kommune møte eldrebølgja?

- Det kan godt hende me må skaffe fleire sjukeheimsplassar. Me må sjå samhandlingsplanen an fyrst, seier kommunalsjefen.

Seljord kommune leiger også sjukeheimsplassar i andre kommunar.

Mest lest i dag



Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 

Innenriks

...

Slurver med taksjekken

Boligmagasinet Åtte av ti nordmenn sluntrer unna taksjekken, og risikerer store skader på husene sine. Les mer

...

– Ikke lov likevel

Bil og motor Mattilsynet har sett på bildene på nytt. Les mer


...

Slaktes i ny krasjtest

Bil og motor Her gikk det virkelig ikke bra... Les mer


Utenriks

...

Klinsj i Arizona

Utenriks Hardt pressede Mitt Romney gikk i strupen på rivalen Rick Santorum. Les mer


...

Flere bombeangrep

Utenriks En bølge av bombeangrep over hele Irak kostet torsdag minst 32 mennesker livet. Les mer


...

De har fått en datter

Utenriks Sveriges kronprinsesse Victoria har født en datter, forteller ektemannen prins Daniel. Les mer



TIPS OSS

Telefon: 35 58 55 49
Sms: TATIPS til 2005
Mms: TATIPS til 2005
E-post: desken@ta.no
E-post: nettvakt@ta.no

KONTAKT OSS

Sentralbord: 35 58 55 00
Adresse: Telemarksavisa AS
Postboks 2833, Kjørbekk
3702 Skien

REDAKSJONEN

Ansvarlig redaktør: Ove Mellingen
Redaktør digitale medier: Tom Erik Holland
Markedssjef: Glenn Anda Pettersen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.