...
TIL LYKKE: Roar Gjessing (i midten) har vore den fremste pådrivaren for nærbutikkprosjektet. Nå kan han ønskje Tanja og Vincent lykke til med drifta. Foto: Tore Skaug

Grendefest for ny butikk

Også i Åmotsdal brann faklane i går kveld. Der gjekk bygdefolk mann av huse for å feire den nye daglegvareforretninga.

Publisert 10.12.2009 kl 22:27 Oppdatert 11.12.2009 kl 06:45

Tips en venn på e-post:


Øystein Skori (35) har vore den aller ivrigaste forkjemparen for dugnadsprosjektet i fjellbygda og fekk æra av å bruke saksa på den raude snora.

Dermed kunne åmotsdølar i alle aldrar myldre inn i eit ljost, romsleg og fornuftig forretningsbygg. Eit rimeleg, men likevel tenleg bygg, sa Roar Gjessing, primus motor for Åmotsdal dagligvare, da han ønskte eit par hundreogfemti sambygdingar velkomne til opninga.

For å reise bygget til 2,5 millionar har bygdefolk teikna aksjar for 600000. Dugnadsinnsatsen er formidabel og verdt 700000. Gjessing takka dyktige handverksfirma for innsatsen. Verken snikkarar, rørleggjar eller elektrikar har tent seg rik på den nye nærbutikken, slo han fast.

FRÅ NEDERLAND TIL ÅMOTSDAL

Entusiasmen let seg også måle i talet på blomebukettar. Dei aller største og finaste gjekk til drivarparet - nederlandske Tanja Sluismans og Vincent 't Hart. Det sjarmerande ekteparet med vesle Dagmar på armen har alt vunne seg ein plass i hjarta til åmotsdølane. Han er handelsmann i fjerde generasjon, og begeistringa var stor da det viste seg at tredje generasjon, altså Vincents foreldre, hadde lagt feiringa av bryllaupsdagen sin til grendefesten i den norske fjellbygda.

DIKT OG VISER

Opningsseremonien baud også på rimsterkt dikt for dagen, skrive og framført av Halvor Dyrland. Randi Øverbø har folketonen i seg og song ei fin bygdevise på melodien til «Hurra for den som fyller sitt år». Sonen Jon Inge på seks går mor ein høg gang og song festleg og med diksjon som ein operasongar. Til slutt helsa Karl Valhovd frå bygdefolket og oppmoda kvar og ein til å gjera seg nytte av nærbutikken.

- Mens nærbutikkar blir lagt ned i fleng rundt om, er vi her i Åmotsdal freidige nok til å gå andre vegen. Nå ligg bui her som ein trassig protest. Lat oss gå saman om å gjera staden til ein god møteplass for heile bygdi, sa Valhovd.

Inne i det trivelege lokalet var det kaffe, brus og kaker til alle, og etter stemninga å døme går nybui i Åmotsdal travle dagar i møte.

Mest lest i dag



Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 

Innenriks

Sperret inne av skred

Innenriks Fem personer har tilbrakt natten i to biler som ble sperret inne mellom to skred i nærheten av Suldal onsdag kveld. Les mer

...

Slurver med taksjekken

Boligmagasinet Åtte av ti nordmenn sluntrer unna taksjekken, og risikerer store skader på husene sine. Les mer


...

Pressen får Utøya-ros

Innenriks Samarbeidet mellom mediene og AUF-ungdommene etter terroraksjonen på Utøya var bedre enn da finske medier dekket skolemassakrene i Finland, mener NTNU-professor. Les mer


Utenriks

...

Klinsj i Arizona

Utenriks Hardt pressede Mitt Romney gikk i strupen på rivalen Rick Santorum. Les mer


...

50 drept av bomber

Utenriks En bølge av bombeangrep over hele Irak kostet torsdag minst 50 mennesker livet, opplyser politi- og sykehuskilder. Les mer


...

De har fått en datter

Utenriks Sveriges kronprinsesse Victoria har født en datter, forteller ektemannen prins Daniel. Les mer



TIPS OSS

Telefon: 35 58 55 49
Sms: TATIPS til 2005
Mms: TATIPS til 2005
E-post: desken@ta.no
E-post: nettvakt@ta.no

KONTAKT OSS

Sentralbord: 35 58 55 00
Adresse: Telemarksavisa AS
Postboks 2833, Kjørbekk
3702 Skien

REDAKSJONEN

Ansvarlig redaktør: Ove Mellingen
Redaktør digitale medier: Tom Erik Holland
Markedssjef: Glenn Anda Pettersen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.