...
GLADE VINNARAR: Kultur-utøvar Ingebjørg K. Vesaas og ordførar Arne Vinje jubla i går over at heimkommunen blei årets kulturkommune i Noreg. Bak står kultur-utøvarar og administrasjon frå Vinje. Foto: Else Børte

Vinje er årets kulturkommune

I går blei Vinje kåra til årets kulturkommune i Noreg under ei tilstelling på Stortinget.

Publisert 03.02.2009 kl 13:09 Oppdatert 04.02.2009 kl 13:45

Tips en venn på e-post:

...
...
TAKKETALE: Arne Vinje hold takketale da Vinje ble kåret til årets kommune. Foto: Terje Pedersen, ANB
...
STEV: Ingebjørg Harmann Bratland spela «Ved Rondane» av Aasmund Olavsson Vinje. Deretter song ho ein av sine sjølvkomponerte songar som handlar om å lengte heim. Foto: Terje Pedersen, ANB
...
GODE PÅ KULTUR: Modum-ordførar Terje Bråthen, Vinje-ordførar Arne Vinje og Karmøy-ordførar Kjell Arvid Svendsen var alle nøgde med å vere nominert til å bli årets kulturkommune i Noreg. Vinje stakk av med sigeren. Foto: Else Børte

I september i fjor sendte Vinje kommune ein søknad til fylket i håp om å bli Telemarks kulturkommune. I november fekk dei den gledelege meldinga om at dei hadde oppnådd målet. I går stod slaget mellom kommunane Karmøy, Modum og Vinje om å bli «Noregs kulturkommune 2009». Dette er det niande året prisen delast ut. Vest-Telemarkkommunen stakk av med sigeren.

- Dette er ein pris til dei som driv kulturlivet i Vinje. Lag og organisasjonar er kommunens medspelarar, seier Arne Vinje.

EIGE KULTURÅRSHJUL

Gjennom prisen «Noregs kulturkommune» vil Norsk kulturforum fokusere på kommunenes kulturengasjement og deira innsats for eit godt og allsidig kulturtilbod for innbyggarane. Forumet har plukka ut Vinje fordi kommunen har markert seg med en allsidig innsats for kulturlivet gjennom samarbeid, kreativitet og nytenking. Dei har lagt vekt på kommunens politiske ambisjonar og for 2009 er det lagt spesiell vekt på arbeidet med implementering av kulturloven.

- Me har satsa veldig systematisk på kultur i Vinje. Kommunen har mellom anna eit kulturårshjul. Det er ein kalender over arrangement og aktivitetar som kommunen støttar, seier Vinje.

Han fortel at dette er eit viktig virkemiddel for at frivillige organisasjonar skal ha ei ramme å stole på.

RYKTE OM KULTUR

- Politikarane er innstilt på å gje kultur nødvendige resursar. Eg håper dette kjem til å fortsetje. Det er viktig for dei som bur i kommunen med eit rikt og blomstrande kulturliv, seier Vinje.

Ordføraren fortel at Vinje har hatt rykte på seg for å vere kulturkommune lenge før prisen som blei delt ut i går. Han trur at det kjem nye innbyggarar og gjester til kommunen på grunn av kultur-omdømet.

- Det er sikkert veldig bra i Karmøy og Modum også. Konkurransen er sterk. Det er gøy at me har fått aksepten og heideren ved at me er ein av dei tre kommunane som er plukka ut til prisen, sa ein audmjuk Vinje-ordførar før det var klart at det var hans kommune som stakk av med den gjeve tittelen.

Då det blei klart at Vinje er årets kulturkommune blei det stormande jubel ved Vinje-bordet der kultursjef Signe Marie Kittelsaa, ordførar Arne Vinje, assisterande rådmann Sissel Bitustøyl, rådmann Hans Kristian Lehmann og musikkskulerektor Anders Blystad saman med unge kulturaktørar frå Vinje kommune sat.

- Dette er ein «kveike», eller inspirasjon som folk utanfor Vinje seier. Prisen gjev best mogleg utgangspunkt for å styrke kulturlivet. No har me skapt ei fallhøgde. Eg takkar for prisen på vegne av kulturarbeidarane i Vinje kommune, sa ein kry ordførar i gledesrus.

SJØLVKOMPONERTE

Vinbyggjane fekk vist fram ein liten, men sterk del av kulturbildet sitt då dei vitja Stortinget. Fyrst steva Ingebjørg Harmann Bratland «Ved Rondane» av Aasmund Olavsson Vinje. Deretter song ho ein av sine sjølvkomponerte songar som handlar om å lengte heim.

- Sjølv om eg berre har budd borte i to og eit halvt år så saknar eg Vinje. Eg har ikkje blitt byfis, eg er framleis ein vinbyggje, seier Harmann Bratland, som går på skule i Oslo.

Etterpå spela Anders Blystad gitar medan Ingebjørg K. Vesaas las dikt av Haldis Moren Vesaas og dansa. Ordførar Arne Vinje fortalde også litt om kommunens kulturtradisjon. Som dei andre kommunane, viste også Vinje fram ljosbilde frå det rike kulturlivet i kommunen.

UTMERKA SEG

Juryen har bestått av May-Helen Molvær Grimstad, som er leiar av Stortingets familie- og kulturkomité, Halvdan Skard, som er leiar av kommunenes sentralforbund, og juryens leiar Ingrid Grandum Berget, som er leiar av Norsk kulturforum.

- Det var tre gode kandidatar, men Vinje utmerka seg ved å ta vare på røter og kultur. Å samarbeide med ulike aktørar er viktig. Kommunen har ei bevisst satsing på kultur, seier Molvær Grimstad.

Det at Arne Vinje hadde lagt ved eit brev i søknaden om å blir Telemarks kulturkommune i haust synest ho er eit bevis på engasjement rundt kultur. Jon Martin Bjerring, som er leiar for hovudutvalet for kultur i Modum kommune, meinte inst inne at hans kommune burde ha vunne.

VERDIG VINNAR

- Men Vinje er ein verdig vinnar. Dei har gjort eit prisverdig arbeid med integrering. Dei skårar også høgt med dialekta si. Ein blir i godt humør av å høyre på ho, seier han og gratulerer Vinje med sigeren.

Karmøy-ordførar Kjell Arvid Svendsen meiner Vinje er ein verdig vinnar.

- Når ikkje heimkommunen vinn så er det godt at hyttekommunen min gjorde det. Det er ei bevisst satsing på kultur i Vinje. Eg håper dette inspirerer til vidare godt kulturarbeid i kommunen, sa han.

Kultursjefen i Vinje kommune lovar fest for innbyggjarane for å markere plassen som årets kulturkommune i Noreg. Ho var så rørt at ho grein då kommunen tok imot prisen.

- Juryen har sett at me brukar mykje pengar på kultur i Vinje. 6,2 prosent av kommunens budsjett går til kultur. Dessutan er det kulturarbeid i kvar ei grend, seier ho.

Kittelsaa sett pris på dugnadsånda i kommunen og er også stolt av alle festivalane kommunen har og nemner Haukelifestivalen, snøformingsfestivalen, vinterfestivalen og literærdagane.

Mest lest i dag



Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 

Innenriks

...

– Telenor har ikke gjort noe galt

Politikk Næringsminister Trond Giske (Ap) sier det ikke er grunnlag for å hevde at Telenor har gjort noe galt, eller trådt over noen etiske grenser, ved å engasjere seg i mobildrift i India. Les mer

...

Lekne mønstre og farger

Underholdning Barn i fargerike og lekne kreasjoner slo godt an under Oslo Fashion Week. Les mer og se bildeserie


...

Tidenes beste

Næringsliv Mens morselskapet SAS fortsetter å levere minusresultater, går det så det suser for Widerøe. Les mer


Utenriks

...

Sier opp 4.000 ansatte

Utenriks Nokia skal flytte produksjonen av smarttelefoner til Asia. Les mer


...

Gjør rent bord

Utenriks Rick Santorum gjenopplivet sine sjanser i nominasjonskampen da han vant alle de tre statene i Midtvesten tirsdag. Les mer


...

Så ikke gjerningsmannen

Utenriks Den ti år gamle jenta som ble stukket ned utenfor en skole i Göteborg, er på bedringens vei. Hun aner ikke hvem som angrep henne. Les mer



TIPS OSS

Telefon: 35 58 55 49
Sms: TATIPS til 2005
Mms: TATIPS til 2005
E-post: desken@ta.no
E-post: nettvakt@ta.no

KONTAKT OSS

Sentralbord: 35 58 55 00
Adresse: Telemarksavisa AS
Postboks 2833, Kjørbekk
3702 Skien

REDAKSJONEN

Ansvarlig redaktør: Ove Mellingen
Redaktør digitale medier: Tom Erik Holland
Markedssjef: Glenn Anda Pettersen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.