NOME: Både Sp og Frp kom med spørsmål om den planlagde fiskesperra i Lunde. Både kanobering og drukningsdød kom opp som tema.
Tysdag skreiv TA om den venta fiskesperra som skal stoppe gjedda ved Kjeldal sluse. Sperra blir lagt på 2,6 meters djup og kjem til å koste rundt fire millionar kroner.
Gry Anette Rekanes Amundsen stilte i gårsdagens ekstraordinære formannskapsmøte spørsmål om kva som kan skje om folk dett uti vatnet ved fiskesperra. Ho tenkte på eventuell livredding. Ho lurte også på kva fiskesperra har å seie for utfarten på Telemarkskanalen.
- Det står ikkje noko om kor høg den skal vere. Vil det ha noko å seie på kva slags båtar me kan ynskje velkomen oppover kanalen, seier ho.
REDD FOR OMDØMET
Frp-politikaren krev å få ei ny orientering på kommunestyremøtet i mars. Ho er redd det kan bli vanskeleg å få Telemarkskanalen på UNESCOs verdsarvliste om sperra synast over vatnet.
- Eg har fått ein del bekymringsmeldingar om fiskesperringa, seier Rekanes Amundsen.
Jan Thorsen (Sp) var uroleg for andre moment ved sperra.
- Mi største bekymring er omdømet me får som turistnæring om folk ikkje tor padle på kanalen. Kva for fare inneber det for folk som ferdast ved fiskesperra. Uhell kan ingen gardere seg mot, seier Jan Thorsen, som meiner det blir upopulært om folk må bere kanoen forbi sperra.
BILDESERIE: Her blir vassdraget rotenonbehandlet
LES OGSÅ: Hvem skal ta regninga?
DÅRLEG TID
Ordførar Bjørg Tveito Lundefaret (Sp) meiner også det er mykje usikkerheit rundt sperra.
- Det blir nok sett i gang ein del ting før konsekvensane er avklart. Dette fordi me som vertskommune har pusha på for å dette på plass. Men det er ingen bekymring rundt dei tekniske løysingane. Det blir ingen problem med å få båtar over, seier Tveito Lundefaret.
KAN BLI LAMMA
- Skjer det ei drukningsulykke setjast heile ryktet til Telemarkskanalen på spel, seier Rekanes Amundsen.
Tveito Lundefaret fortel at folk kan bli lamma om dei dett ut i vatnet ved fiskesperra.
- Dette tiltaket er ikkje i utgangspunktet ynskjeleg, men me må stoppe gjedda, seier ordføraren.
Rådmann Bjørn G. Andersen meiner det er viktig for det naturbaserte reiselivet å ikkje få gjedda oppover vassdraget.
- Det vil vere ei katastrofe å få den oppover, seier rådmannen.
terror-saken Forhandlingene i Oslo tingrett gikk over tiden da politivitner fredag ettermiddag forklarte seg om politiaksjonen på Utøya og avhørene av massedrapsmannen. Les mer
Bil og motor Elbilfirmaet National Electric Vehicle Sweden bekrefter å ha lagt inn bud på Saab Automobiles konkursbo. Les mer