GLAD: John Mpongo har samla inn 50 000 kroner. Nå gjenstår det å få familien på nitten frå Kongo til Uganda. Foto: else børte

Kan redde familien

John Mpongo har fått enorm støtte frå kjente og ukjente. No kan han flytte familien frå krigsherja Kongo til Uganda.

Publisert 13.12.2008 kl 03:15 Oppdatert 13.12.2008 kl 03:15

Tips en venn på e-post:


...

I løpet av halvannan veke har John Mpongo fått inn 50 000 kroner i innsamlingsaksjonen han starta for å få familien ut av Kongo og inn i Uganda. Både folk han kjenner og folk han aldri har høyrt om har gjeve bidrag.

- No er eg glad og slappar meir av. Det er veldig positivt at folk er så villige til å hjelpe, seier Mpongo, som er glad for at folk har forstått situasjonen hans.

HANS STØRSTE YNSKJE

19 av familiemedlemmene til Mpongo sit i flyktningleirar rundt om i Kongo. I det krigsherja landet lever familien time for time. Mpongos største ynskje for jol er å få familien, som har mista alt, trygt til Uganda. Torsdag blei den tidlegare fylkesleiaren i KrFU ferdig med masteroppgåva si. Han fekk ein C då han forsvarte oppgåva og blei veldig nøgd. Då han kom heim frå skulen ringte ein anonym gjevar og tilbaud å hjelpe aksjonen med 10 000 kroner. Han hadde lese om aksjonen i TA.

Saman med eit par andre bidrag steig den innsamla summen frå 38 000 til 50 000 kroner. Målet var å nå 44 000 kroner.

- Det er mange vener, studentar, arbeidskollegaer frå heimesjukepleien i Bamble og Sauherad, KrF-medlemmer og ukjente som har bidratt, seier ein takksam Mpongo.

TRENG FRAMLEIS PENGAR

Mpongo har arrangert transport for familien frå Kongo til Uganda. Sidan han ikkje kjenner dei som skal utføre oppdraget har han betalt halvparten på førehand. Resten får dei ansvarlege når familien er trygt på plass i Uganda.

- Dei som skal hente familien min er på veg til flyktningleiarane no. Eg har eit stort håp om at dei utfører heile jobben, seier han.

Mpongo satsar på eit godt resultat i løpet av neste veke. Då han sjølv reiste mellom Kongo og Uganda bruka han tre dager frå Kampala til Goma.

Kampane i Kongo er framleis harde. Tysdag denne veka hadde han kontakt med familien og fortalde dei at det var håp om å få dei ut.

- Familien sa det kom til å gå greit om dei blei funne i live, seier Mpongo.

Kampen for å overleve er ikkje over sjølv om familien kjem ut av Kongo. I Uganda må dei skaffe seg ein stad å bu, mat, drikke og medisinar.

- Ting som klede og liknande kjem som eit sekundærbehov. Dei må finne seg noko å leve av også, seier Mpongo.

Sjølv om innsamlingsmålet er nådd, så er det framleis behov for pengar.

- Mitt mål er at familien blir i Uganda i tre til seks månader. Me får sjå korleis situasjonen utviklar seg. Det er ikkje lett å vere i utlandet utan nokon ting heller, seier Mpongo.