...
LA FRAM YNSKJE: Baiba Sheine, nestleiar OVU, la fram ynsket til dei tilsette og dei pårørande i samlokaliseringssaka. Deira ynskje fell på dagsentertomta. Her er ho gruppemøte i SV med Jorunn Hestmann og Ingerid Hayes. Foto: Else Børte Foto: else børte

Splitta syn på samlokalisering

Publisert 02.09.2010 kl 22:03 Oppdatert 03.09.2010 kl 06:44

Tips en venn på e-post:


Høge driftskostnader gjer at Vinje kommune må samlokalisere bustadar for funksjonshemma.

Administrasjonen har greidd ut fire tomter som ulike alternativ for omsorgsbustader i Vinje. Statkraft-tomta, Kårstein-tomta, Fristadsenteret og dagsentertomta blei velt ut. Sandernes-tomta blei raskt utelukka på grunn av liten terrasse og parkering.

- Samlokaliseringa har vore tema over fleire år. Økonomi, personale og det å bu fleire saman ligg til grunn, seier Baiba Sheine (SV), nestleiar i oppvekst- og velferdsutvalet (OVU).

FAVORITT I DAGSENTERET

- Om Vinje kommune skal utnytte dagsentertomta, så må ein rive dagsenteret og bygge det opp att. Dette er eit bra tilbod. 31,75 er kostnadsramma, seier Sheine, som la fram ynska til dei tilsette og pårørande.

Ho fortel at Kårstein-tomta er nummer to på lista til dei pårørande. Kårstein-tomta har ein kostnad på 34,6 millionar. Statskraft-tomta kjem på tredjeplass med 33 millionar. Fristadsenteret kjem på fjerdeplass med eldrebustader i to høgder.

- Pårørande ser ikkje dette som eit aktuelt alternativ fordi det ikkje ligg på bakkenivå, seier nestleiaren.

Dette alternativet er det billigaste og ligg på 30,8-32 millionar.

- Fagleg sett er Statkraft-tomta mest ideell, men OVU har kome fram til at Kårstein-tomta er best, seier Sheine.

BA OM Å IKKJE UTSETJE

Børre Rønningen (Ap) meiner det er hefta problem med alle alternativa.

- Eit nytt dagsenter vil koste fleirfaldige millionar. Grunneigar og festar på Kårstein-tomta vil frigjere tomta, sa Rønningen, som meiner Kårstein-tomta er beste alternativ.

Aslak Ofte (Sp) ville gjerne undersøke om Statkraft-tomta byggast ut, mellom anna mot Groven camping.

- Eg ber kommunestyret lande på ein avgjerdsle i dag, einingsleiar Alv Dag Brandal, som er einingsleiar i Vinje heimetenester, som helst såg at kommunestyret valde Statkraft-tomta.

Tor Strømme (Ap) var einig med Brandal om at saka ikkje kunne utsetjast lenger.

KÅRSTEIN-TOMTA

- Me må vurdere Kårstein og Fristad. Det einaste fornuftige er Fristad. Dei tilsette kan få ein mykje enklare situasjon alt i 2011, når Fristadsenteret står klart. Dei med rullestol vil gjerne bu i sentrum og ikkje i skogen, sa Halvor Lognvik (Frp).

- Me kan nok diskutere natt og dag og ikkje bli einige. Dei som jobbar i denne tenesta er konsekvent samde om Kårstein-tomta, sa Ole Kristian Nyhus (H).

Leiar i eldrerådet og Ap-politikar, Halvard Midtveit, minte om at tenesta gjekk med brakande underskot og at det var viktig å ta ei avgjersle for ikkje å tape endå fleire pengar.

Ofte og Sp trakk seg frå forslaget om utsetjing.

- No innser eg at Kårstein-tomta er god nok, sa Ofte til slutt.

Kårstein-tomta vann fram etter at forslaget til Halvor Lognvik om Fristadsenteret berre fekk to røyster.

Helterennet 2012

...

Helterennet 2012 gikk av stabelen lørdag 4. februar.

ALLE FOTO: STINE BAKKE

Se bildene

Velkommen til verden - februar

...


Mest lest i dag






Med bilberging som livsstil

...

Røde Kors holder brannøvelse

...


TIPS OSS

Telefon: 35 58 55 49
Sms: TATIPS til 2005
Mms: TATIPS til 2005
E-post: desken@ta.no
E-post: nettvakt@ta.no

KONTAKT OSS

Sentralbord: 35 58 55 00
Adresse: Telemarksavisa AS
Postboks 2833, Kjørbekk
3702 Skien

REDAKSJONEN

Ansvarlig redaktør: Ove Mellingen
Redaktør digitale medier: Tom Erik Holland
Markedssjef: Glenn Anda Pettersen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.