...
- INNHALDSRIK KVARDAG: Mette og Torbjørn Valen har vore fosterforeldre i seks år til ei jente som i dag er åtte år gamal. Det har gjeve dei ein rikare kvardag. Foto: Ingebjørg Bø

Behovet for fosterfamiliar aukar

Publisert 21.03.2010 kl 22:36 Oppdatert 22.03.2010 kl 08:53

Tips en venn på e-post:


Behovet for fosterfamiliar i Telemark aukar og fleire barn står i dag på venteliste. Mette og Torbjørn Valen i Bø er takksame for at dei fekk sjansen til å bli fosterforeldre.

Seks år har gått sidan toåringen flytta til familien på fire i Bø. Det har vore utfordrande og lærerikt, men framfor alt veldig koseleg. Familien på fem meiner dei har fått ein sjanse dei ikkje ville vore for utan.

- Det er ein veldig spennande prosess å få eit nytt medlem i familien på den måten. Ein må på mange måtar vere budd på det meste. Men eg må seie situasjonen verkeleg berikar kvardagen, smiler Mette, og meiner det heile har vore ei sann solskinshistorie.

- Det har klaffa så godt på alle måtar for oss. Me har vore veldig heldige. Men så blir det også bruka mykje tid på å finne eit barn som matchar familien, legg ho til.

VELDIG HJELPSAME

Det tok over eitt år frå familien Valen meldte si interesse til Bufetat (Barne- ungdoms- og familieetaten) i Skien seinhaustes 2002, til jenta var på plass i heimen. I løpet av denne tida gjekk det mykje tid til kursing, planlegging, tilrettelegging og informasjon mellom dei to instansane, for på best mogleg måte å førebu den nye fosterheimen. Etaten formidlar også bare barn dei meiner det er store sjansar for at finn god kjemi med familien, dette i tillegg til dei krava desse sjølve har lagt til grunn.

- Dei legg ned mykje arbeid i å finne den rette. Me måtte svare på ei rekkje spørsmål som verkeleg kravde at ein gjekk inn i seg sjølv og kjente etter. Det var krevjande, men også for parforholdet var dette veldig nyttig. Me lærte kvarandre mykje betre å kjenne, minnest Mette. Og dei møtte andre fosterfamiliar undervegs, som kunne fortelje om ulike erfaringar.

- Det at dei var så ærlege og opne om alt, avskrekka mykje og opna i staden for løysingar og moglegheiter, minnest dei to, og rosar all informasjonen og tilrettelegginga som har blitt gitt.

MYKJE HJELP Å FÅ

- Me har fått masse hjelp og informasjon heile vegen, og det er veldig låg terskel for å ta kontakt i ulike fasar. Uavhengig av om det er små eller store ting ein treng rettleiing for å handtere, er det alltid nokon der som tar tak i det, fortel Mette. For barn er ulike og den ideelle oppskrifta vil variere frå det eine til det andre tilfellet. Men Mette og Torbjørn har erfart at ein kjem veldig langt ved å bruke mykje kjærleik og tolmod.

- Det blir jo ei ny omstilling med nye i heimen, anten det er eigne biologiske ungar eller ikkje. Små detaljar kan fort bli til store saker når ein ikkje kjenner til alle erfaringane den nye har med seg. Ønskte ho å sove med lyset av eller på?, minnest Torbjørn han undra seg i starten.

SOM EIGA DOTTER

Utfordringar møtar dei to heile tida. Men ikkje nødvendigvis fleire her enn med gutane på 20 og 22 år. Tilliten mellom partane er for lengst vunne og det er lenge sidan Torbjørn og Mette hadde kjensle av å vere fosterforeldre. Søskenbanda mellom åtteåringen og sønene har lenge dessutan vore sterke.

- Eg føler det ikkje som ho er noko fosterbarn. Eg føler det som om ho er mi eiga dotter, på same måte som gutane, fortel Torbjørn, som trass i at dei fleire gonger i året, gjennom den lovpålagde samværsretten med dei biologiske foreldra til jenta, blir påmint dette.

- Det fungerer veldig greitt. Besøka går føre seg her heime nokre gonger i året, der husets faste medlemmer er til stade som vanleg, fortel dei. Tryggleiken dei har skapt gjennom å vere opne kring det å ha to mammaer og to pappaer og alt dette inneber, har gjort møta tilsynelatande uproblematiske for alle dei involverte. Og det å vere open og ærleg og svare dei undrande spørsmåla så godt som mogleg, gjer at samfunnstenesta det er å vere fosterforeldre, er ei gåve for Mette og Torbjørn Valen.

OL i Brevik

...

Velkommen til verden - februar

...


Mest lest i dag






Subaru kommer sent, men godt

...

Med bilberging som livsstil

...


TIPS OSS

Telefon: 35 58 55 49
Sms: TATIPS til 2005
Mms: TATIPS til 2005
E-post: desken@ta.no
E-post: nettvakt@ta.no

KONTAKT OSS

Sentralbord: 35 58 55 00
Adresse: Telemarksavisa AS
Postboks 2833, Kjørbekk
3702 Skien

REDAKSJONEN

Ansvarlig redaktør: Ove Mellingen
Redaktør digitale medier: Tom Erik Holland
Markedssjef: Glenn Anda Pettersen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.