...
SAMKØYRING: Planleggjarar og grunneigarar samarbeider om å gjenskape Morgedals skihistorie. Ved gapahuken på Månin: Tarjei Gjelstad i Norsk skieventyr, Siri Hafnor, Morgedal utvikling, og grunneigar Aslak Slettemeås. Foto: Tore Skaug

Nytt liv i Sondres gamle spor

Publisert 15.02.2010 kl 20:43 Oppdatert 15.02.2010 kl 20:43

Tips en venn på e-post:


Vekk med 300 kubikk grovt grantømmer, noko kratt og ein del ukrutt – og vips er ein på sporet av Sondre Norheim. I dette terrenget var skihelten frå Morgedal i sitt rette element og skapte seg eit namn langt utanfor den vesle heimbygda.

Frå toppen av Månin, 820 meter over havet, er det ikkje berre eit fantastisk utsyn over Morgedal. Herifrå ser ein også resultatet av eit positivt og nært samarbeid mellom planleggjarar og grunneigarar. I heiområda nord for Bjålandsgrendi blir dei gamle «uvyrdslåmine» etter Sondre og kameratane hans rydda og merkte, og på toppen av Månin er det bygt ein romsleg og lun gapahuk.

Morgedal utvikling er inne i det tredje året, og nå er det rydding og merking av dei gamle ufseløypene og slalåm-bakkane som står for tur. Skilta som skal opp, vil ikkje berre vise veg og fortelje skihistorie. Skilta skal også skape ei stemning og gi oppleving i tillegg til den fysiske utfordringa som møter skiløyparen.

VINTER OG SKI

- Ja, for sjølvsagt er dette først og fremst vinterturisme, og skibygda lokkar folk frå mange land, frå Tyskland, Tsjekkia, USA og Canada, seier Tarjei Gjelstad som nyss har møtt positiv interesse for Morgedal og Morgedal-namnet på verdas største skimesse i München.

Prosjektet har ei kostnadsramme på 650 000 kroner, og ein har fått eit tilskot på 490 000 kr frå Kommunal- og regionaldepartementet. Mellomlegget er dugnad, kommunal velvilje og ymse sponsorinntekter.

EI NATT I NATUREN

Eivind Råmunddal og Aslak Slettemeås er grunneigarar og med på prosjektet. Dei stiller opp med transport for dei som treng. Elles er det fritt fram å ta seg inn til gapahuken på Månin ved eiga hjelp. Gjerne med sovepose og proviant for ei overnatting i nær kontakt med naturen.

- Nå er det meste av ryddinga gjort. Så står skilting og merking for tur. Går alt som det skal, håpar vi på offisiell opning i 2011, sa Siri Hafnor i Morgedal utvikling til utvalde representantar for telemarkspressa under den friske skuterturen i Morgedalsheia i går.

Helterennet 2012

...

Helterennet 2012 gikk av stabelen lørdag 4. februar.

ALLE FOTO: STINE BAKKE

Se bildene

Babybilder - januar

...


Mest lest i dag






Med bilberging som livsstil

...

Røde Kors holder brannøvelse

...


TIPS OSS

Telefon: 35 58 55 49
Sms: TATIPS til 2005
Mms: TATIPS til 2005
E-post: desken@ta.no
E-post: nettvakt@ta.no

KONTAKT OSS

Sentralbord: 35 58 55 00
Adresse: Telemarksavisa AS
Postboks 2833, Kjørbekk
3702 Skien

REDAKSJONEN

Ansvarlig redaktør: Ove Mellingen
Redaktør digitale medier: Tom Erik Holland
Markedssjef: Glenn Anda Pettersen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.