| Ingebjørg Bø | |
| Publisert 19.01.2010 kl 22:29 Oppdatert 20.01.2010 kl 06:20 |
Haukeli Ysteri kan ost. I går fekk nemleg båe Chevre-ostane deira den høgtruvande statusen som «spesialitet» gjennom KSLs Matmerk.
- Dette er ein merkedag på det vesle, rare meieriet oppe på fjellet, strålte ein tydeleg stolt meierisjef, Hans Nesheim, på Haukeli Ysteri (Tine Meieriet Sør Haukeli) i går. Og med god grunn. For spesialitetmerket går god for norskproduserte matprodukt med heilt spesielle kvalitetar på bakgrunn av smak, råvarer, historie og produksjonsprosess.
UNIKT PRODUKT
- Chevre har stor appell i dei fleste forbrukargruppene, og gjev, med utvald tilbehør, unike smaksopplevingar. Det er ein mild halvfast ost, med karakteristisk geitesmak. Ostane har ein svært høg teknologisk og senorisk kvalitet fordi mjølkeråstoffet har høg stabilitet og er utan smaksavvik, presiserte konstituert administrerande direktør i KSL Matmerk, Henrik Solbu, om bakgrunnen for tildelinga av spesialitetane. Han understreka at det eineståande produktet har skapt merkbare ringverknader både lokalt og sentralt.
- Gjennom å produsere geiteosten Chevre for heimemarknaden har anlegget også styrkt stillinga si som eit spesialanlegg i TINE. Og gjennom denne utviklinga er det skapt stor optimisme og stoltheit blant produsentane, la han til, og roste meieriet for arbeidsgløden dette har synt gjennom mange år.
SÆREIGEN HISTORIE
Haukeli Ysteri starta opp som sesongysteri for brunost i 1937, men har hatt mange stopp på vegen før det kom dit ein er i dag.
- Tradisjon for geitehald i området er lang. Truleg fleire hundre år gamal. Og det var geitemjølkprodusentar som først gjekk saman om å etablere eit meieri her, kunne Nesheim fortelje. Desse har vore av uvurderleg verdi for den seinare utviklinga også.
- Utan ein storstilt dugnad blant produsentane for å få opp mjølkekvaliteten då ein på midten av 90-talet valde å endre produksjonen frå brunost til geiteostemasse, ville me ikkje vore der me er i dag, smilte meierisjefen, og krona historia kring Chevre og meieriet som den einaste suksesshistoria til Tine i nyare tid.
STOR EKSPORT
Tine Meieriet Sør, Haukeli er i dag eit lite spesialanlegg med 12,5 årsverk, tilpassa den spesielle produksjonen. Frå 1997 og fram til i dag har ysteriet produsert Frozen Goatmilk Curd; ei ostemasse som blir eksportert frosen til Canada. Haukeli Ysteri tek årleg i mot 2,5 millionar liter geitemjølk frå produsentar i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Vest-Telemark. Av denne blir det eksportert snaue 300 tonn, medan det blir laga kring 30 tonn Chevre til innlandsmarknaden.
Produksjonen av Chevre starta i 2001. Denne har gradvis auka frå seks tonn per år til 30 tonn i 2009. Det finst i dag to typer; ein naturellvariant og ein kvitmugg.
Foreldre, elever og lærere på Stigeråsen skole fortviler over hærverk på fotballbane og ballbinge