Denne helga kårast Noregs sterkaste mann i Bø. Muskelberga skal mellom anna velte dekk.
I dag er det finale i «Norges sterkeste mann» (NSM). Øvingar som Fingal Fingers, bilmarkløft, husafellstein og atlassteiner er noko av det utøvarane bryner seg på i løpet av helga.
- Kvalifiseringa gjekk føre seg i Bø sentrum i går. I dag går finalen i Telemarkshallen, seier Svend Karlsen, som driv produksjonsselskapet Viking power production, som arrangerer den norske muskelmeisterskapen.
STERKE TRADISJONAR
I går var Karlsen ein svipptur innom Seljord for å spele inn eitt par scener til muskel-programmet som blir sendt på fjernsyn om fire til seks veker. Kjempa som er frå Krokstadelva synest det er stas å trekke parallellar til Sterke-Nils.
- Det er tradisjonar for styrke i Seljord, seier han.
Tidlegare har konkurransen gått føre seg på Gol. No er Karlsen nøgd med den nye arenaen.
- Bø er meir sentralt for å få publikum til å kome på «Norges sterkeste mann», seier han.
Det er 40 kg sidan Karlsen konkurrerte om slike gjeve titlar sjølv.
- Er utøvarane flest i tjueåra eller er dei eldre?
- Utøvarane er ikkje nødvendigvis i tjueåra. Me har med ein deltakar på 60 år. Han heiter Odd Haugen og bur i California. Haugen kjem til å bli blant dei fem-seks beste, seier Karlsen, som tidlegare er kåra til verdas sterkaste.
Det stiller også ein utøver med røter i Bø, han heiter Sven von der Lippe.
- Han har kome på andreplass i «Norges sterkeste mann» tidlegare, seier Karlsen.
TA-BLOGGEN | ||