E-76 er i siget. No gjev bygderockarane ut den åttande skiva si. Den heiter «Meir e-stoff».
| Else Børte | |
| Publisert 17.01.2009 kl 16:42 Oppdatert 17.01.2009 kl 16:42 |
Denne gongen har E-76 laga eige studio og spelt inn dei tolv låtane i eigen regi. Men alt gjekk ikkje heilt etter planen. Plata skulle eigentleg vore i butikkhyllene 19. januar, men dette blir utsett med ei veke. Vel 3 000 cd-ar må byttast ut fyrst.
- Då me høyrde gjennom plata i desember viste det seg at «Marlboroman» hadde kome med to gonger og «Felespil og gamle bur» hadde uteblitt, seier Oddmund Vågslid.
CAR-PORT FOR MIKSING
«Meir e-stoff» er spela inn i eige studio i Flatdal.
- Denne gongen ville me byggje vårt eige studio i tømra hos Oddbjørn Aase. Der byrja me å spele inn i mars 2007, seier Vågslid.
Det blei både prøva og feila litt i starten, men bandet fekk prøva ut fleire idear enn i eit leigd studio.
- Meininga er at dette skal bli eit betre album, seier Vågslid.
Fyrst trudde dei på ei utgjeving til dyrsku'n i 2007, så blei det årsskiftet 2007-2008, så blei det dyrsku'n i fjor og til slutt blei det i januar 2009. Ein av tinga dei trong hjelp til var miksinga av plata. Det fekk dei hjelp til i Oslo.
- Me sat opp ein car-port for produsenten og han miksa plata for oss, seier Bjørn Edmund Fosstveit.
Bandet er einige om at dei må disponere tida annleis om det blir ei plate til.
LETT REFRENG
Tekstane på «Meir e-stoff» liknar på tidlegare tekstar.
- Men me syng ikkje berre om dyr og sprit på dette albumet. Det er ein alvorleg song også, seier Fosstveit.
Edvin Loftsgarden fortel at han har skrive ein oppfylgja til «Raulandssongen». Den er med på albumet og heiter «Hei raulending». Denne songen handlar om ein som har blir fråstole bilen sin av ein raulending.
- Dette er ein song folk kjem til å ta ganske fort. Det er eit lett refreng, seier Loftsgarden.
På førre plate hadde bandet suksess med ein festivalsong. Difor har dei klemt til med to festivalsongar på «Meir e-stoff». Ein om countryfestivalar og ein om Slåttefestivalen.
KAN SONGANE
24. januar er det sleppfest på Granvin og det skal vere mogleg å få tak i plata der sjølv om ho ikkje er lagt ut til sal enno.
- Det blir ein god gamaldags bygdefest i gamlesalen, seier Loftsgarden.
Bandet, som spelar rundt 25 konsertar i året, har alltid ei hærskare som akkurat er gamle nok til å reise på fest fremst i publikum. Hos dei sit songane alltid spikra. Bandet trur dei spelar for ein ny generasjon i tillegg til den gamle no.
- Me har ikkje bevis, men me trur fødselstala gjeng til himmels kvar gong dei har hatt eit plateslepp, seier Vågslid.
Denne gongen er derimot E-76 redd for at det ikkje er nok erotikk på plata.
- Det er då noko, men det ligg litt skjult, avsluttar Aase.