...
SMAKSPRØVER: Det var også sett av tid til prøvesmaking av produkta; skogsbærvin, solbær- og eplecider med tilpassa handmat. Tor Rett skjenker i glaset til stortingsrepresentant Kari Lise Holmberg. Foto: INGEBJØRG BØ

Møttest andlet til andlet

Samtlege medlemmer i kommunalkomiteen fekk tidlegare denne veka solid innsikt i den problematiske situasjonen gründerverksemda Seljord Vin må etterleve.

Publisert 22.10.2008 kl 21:53 Oppdatert 23.10.2008 kl 06:59

Tips en venn på e-post:

...

Med stortingsrepresentant frå telemarksbenken, Kari Lise Holmberg (H) i brodden, var heile Stortingets kommunalkomitè på vitjing til Seljord Vin i starten av veka. Situasjonen med eit regelverk som nesten gjer det umogleg å komme inn i fleire av landets polhyller, var bakgrunnen for det store hovudstadsbesøket. Og initiativtakaren til turen var sjølv klar på at ho meinte systemet var uhaldbart.

- HÅPLAUST

- Det er håplaust når ein har eit regelverk som gjer det umogleg for gründerverksemder å utvikle seg. Med norske produkt i vinden meir enn nokon gong, burde ein kunne leggje til rette for at fleire av dei små verksemdene fekk moglegheit til å vise seg fram på ein større marknad, presiserte Holmberg. Ho meinte det var verdifullt for både Seljord Vin og komitèmedlemmene å møtest andlet til andlet.

- Eg trur det var ei a-ha-oppleving for dei fleste komitèmedlemmene. For dette er jo ikkje ei sak som bare vedgår Seljord Vin, men som forhindrar nyskaparar over heile landet å komme seg fram, la ho til.

OVERRASKA

Det var under årets messa «Matstreif» i Skien, at stortingsrepresentanten fekk kjennskap til situasjonen for Seljord Vin. At det å selje mykje vin i seg sjølv ikkje er nok, men at det faktisk bare finst nokre få utvalde pol i landet som tel i den store salsrekneskapen for å komme inn under basissortementet i polhyllene, synest stortingsrepresentanten er urimeleg. Å skulle bli tilfeldig plukka ut som ei av 9 000 bestillingsvarer, er heller ikkje ein tilfredsstillande arbeidssituasjon.

- Det er eit stivbeint og forelda regelverk ikkje tilpassa dagens situasjon med mange nisje- og småverksemder med gode potensial for å vekse. Konkret kva som må gjerast er ikkje så lett å presisere nå, men det ser ut til at ein må vurdere både lovverket og vinmonopolets retningslinjer for å skape ein tilfredsstillande situasjon, presiserte ho.

ENGASJERER

Saka har tydelegvis engasjert telemarkingen. For tidlegare i haust var ho i kontakt med helseminister Bjarne Håkon Hansen og utanriksminister Jonas Gahr Støre, for å sjå kva dei eventuelt kan gjere med situasjonen.

- Men svara eg fekk frå dei to halda var på ingen måte tilfredsstillande. Ei lang remse med regelverk om korleis det heile fungerer, gagnar ikkje for å endre situasjonen, la ho til. Difor er ho i betre tru med kunnskapen komitèmedlemmane no ber i seg etter vinbesøket, og arbeidet kring saka i ettertid.

UKJENT PRAKSIS

Komitèleiar Tore Hagebakken (Ap) var også til stades under besøket i Seljord. Han sat i styret til Vinmonopolet under Ekjord-skandalen i 2005, der kring 10 polsjefar måtte gå på grunn av at dei hadde etablert eit noko nært forhold til somme produsentar. Skandalen snudde opp ned på lovverket. Og Hagebakken kunne såleis også vurdere saka frå ei anna side.

- Ein måtte naturleg nok skjerpe rutinene og praksisen etter det. Men at resultatet skulle gjere det så vanskeleg for andre å komme seg fram, var eg verkeleg ikkje klar over, presiserte han. Kva han og komiteen skal gjere med situasjonen nå, ville han ikkje love.

- Det er gode grunnar til at systemet er som det er. Men me vil ta med oss det som har blitt sagt her i dag og sjå om det er noko me kan gjere, la han til.

Helterennet 2012

...

Helterennet 2012 gikk av stabelen lørdag 4. februar.

ALLE FOTO: STINE BAKKE

Se bildene

Babybilder - januar

...


Mest lest i dag






Med bilberging som livsstil

...

Røde Kors holder brannøvelse

...


TIPS OSS

Telefon: 35 58 55 49
Sms: TATIPS til 2005
Mms: TATIPS til 2005
E-post: desken@ta.no
E-post: nettvakt@ta.no

KONTAKT OSS

Sentralbord: 35 58 55 00
Adresse: Telemarksavisa AS
Postboks 2833, Kjørbekk
3702 Skien

REDAKSJONEN

Ansvarlig redaktør: Ove Mellingen
Redaktør digitale medier: Tom Erik Holland
Markedssjef: Glenn Anda Pettersen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.