...
DETTE ER SAMTUN: Bebuarane Andreas Ideland(t.v.) og Spetin Januzi er klare til å vise folk korleis dei har det på trenings- og etableringsavdelinga. Foto: Else Børte

Samtun ein del av samfunnet

På Samtun arbeider bebuarane med seg sjølv for å kvitte seg med rusproblem. Men dei er også mykje meir. Dei er ein del av eit lokalsamfunn.

Publisert 02.09.2008 kl 09:17 Oppdatert 02.09.2008 kl 12:13

Tips en venn på e-post:

...
Foto: Else Børte

Fyrste laurdagen i september vil bebuarane og dei tilsette på Samtun vise fram det terapeutiske samfunnet sitt som har lang tids tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelavhengige over 17 år.

- Me har snart vore på Hørte i 22 år og har blitt tatt godt imot i lokalsamfunnet, seier dagleg leiar Terje Wold.

Han skryt av eit godt samarbeid mellom næringsliv og frivillige organisasjonar og Samtun.

STOR GEVINST

- Me prøver å endre livssituasjonen til dei som er hos oss. Det er unge som må kome over i eit anna spor både når det gjelder syn på økonomi, og psykisk og fysisk helse, seier Wold.

Etter eit 8-12 månaders opphald på hovudhuset, der bebuarane skal ha blitt kjent med seg sjølv og byrja med sosial trening, dei over på trenings- og etableringsavdelinga. Då trenar dei mellom anna på å ta ansvar for eigen økonomi i eigen hybel på Samtun. Dei byrjar også å jobbe i lokale bedrifter eller organisasjonar. Behandlinga er på totalt 24 månader.

- Den store gevinsten for bebuarane er at dei får vere ute i det verkelege livet, seier Lina Væthe, som er avdelingsleiar på trenings- og etableringsavdelinga.

- Det er alfa omega, seier Andreas Ideland, som bur på same avdeling og jobbar på Akademika i Bø.

Han er glad i bøker og får mellom anna vere med Akademika på bokmøte.

- Dessutan får eg ungår eg eit hol i CV'en, legg han til.

SOSIAL OMGANG

Ein annan som synest det er godt å vere ute i arbeidslivet er Spetim Januzi, som bur på trenings- og etableringsavdelinga og jobbar på Rema 1000 i Bø.

- Eg er stolt av å vere på Samtun og har ikkje noko problem med å seie at eg er til behandling her. Det er flott å jobbe og kjenne på eit vanleg liv utan rus, seier Januzi.

Fleire av dei lokale bedriftene i Sauherad og Bø har hatt arbeidskraft frå Samtun i mange år. Telemarksfestivalen i seks år, Bø frivilligsentral i åtte år og Akademika i Bø i tretten år.

- Me treng mange hender når me arrangerer Telemarksfestivalen og det får me på Samtun. Til og med tidlegare bebuarar har kome attende for å jobbe under festivalen, seier ho.

Kriteria for å at ein Samtun-bebuar skal kunne jobbe ein plass er at det er mogleg å nå frå Hørte på sykkel og at dei får sosial omgang der.

- Bebuarane på Samtun blir nok litt sett ut av å vere så store resursar som dei er når dei til dømes reiser heim til eldre for å hjelpe, seier Elisabeth Haugen, som er dagleg leiar på Bø frivilligsentral.

Helterennet 2012

...

Helterennet 2012 gikk av stabelen lørdag 4. februar.

ALLE FOTO: STINE BAKKE

Se bildene

Velkommen til verden - februar

...


Mest lest i dag






Med bilberging som livsstil

...

Røde Kors holder brannøvelse

...


TIPS OSS

Telefon: 35 58 55 49
Sms: TATIPS til 2005
Mms: TATIPS til 2005
E-post: desken@ta.no
E-post: nettvakt@ta.no

KONTAKT OSS

Sentralbord: 35 58 55 00
Adresse: Telemarksavisa AS
Postboks 2833, Kjørbekk
3702 Skien

REDAKSJONEN

Ansvarlig redaktør: Ove Mellingen
Redaktør digitale medier: Tom Erik Holland
Markedssjef: Glenn Anda Pettersen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.