Den fyrste revisjonssaka blei avgjort av Olje og energidepartementet (OED) 10.12.2008 og galdt Vinstravassdraget.
Fleire saker står for tur, og for dei kommunane dette gjeld var utfallet av Vinstrasaka svært skuffande. Ein har her ikkje fått gehør for fleire viktige miljøkrav, og det er grunn til å frykte at dette kan skape presedens for dei andre sakene som står for tur. Det kan dessverre synes som om embetsverket i OED og NVE på denne måten i stor grad har gått kraftbransjen sitt ærend, og tolka dei politiske signala som er gitt i proposisjonar og andre dokument på sin måte. Nye retningsliner for behandling av revisjonssaker har lenge vore etterlyst. Det er viktig at desse retningslinene blir behandla av Stortinget etter ein høyringsprosess, og ikkje bare blir fastsett internt av byråkratiet i OED. Kommunane ønskjer her eit samarbeid med mellom anna naturvernorganisasjonane, idet det her burde vera felles interesser i å oppnå miljøforbetringar.
Grunnlaget for vilkårsrevisjonar
Vassdragsreguleringslova opnar for revisjon av konsesjonsreglementet etter 50 år. Det gjeld bare evigvarande konsesjonar. I 1992 blei revisjonsintervallet korta ned til 30 år. Føremålet med ein revisjon er å kunne modernisere vilkåra og rette på utslag av reguleringa som ikkje var vurdert da konsesjonen blei gitt. Revisjonen skal vareta dei allmenne interessene. Private økonomiske interesser skal vera oppgjort tidlegare gjennom skjønnsaker.
Revisjon må krevjast, og kravet om å opne revisjonssak må godkjennast av NVE. Det er ingen automatikk i at alle saker skal opp til revisjon etter 50/30 år. Fleire revisjonssaker og krav står nå på vent. Ei liste over aktuelle vassdrag ligg ute på nettsidene til NVE.
Minstevassføringar
Dei konsesjonane som nå er aktuelle for revisjon er stort sett 50-60 år gamle og har ein samla energiproduksjon nær 10 % av den totale vasskraftproduksjonen i Noreg. Bare eit fåtal av dei har reglar om minstevassføring. Det gjeld også elvar med laks og sjøaure. I alle nye konsesjonar blir det kravd minstevassføring. Omfanget kan variere. Alminneleg lågvassføring eller middel lågvassføring blir gjerne nytta som eit utgangspunkt. I høve til full tørrlegging kan dette gje eit betydeleg krafttap. Ei minstevassføring på 1,5 m3 i Tokkeåi frå Vinjevatn kan til dømes bety eit årleg krafttap på ca 46 GWh eller 18,6 mill kr. I møte med slike krav blir det gjerne vist til omsynet til kraftbalansen og til føringar (lagt av OED) om å bevare produksjonsgrunnlaget.
Minstevassføring er eit sentralt krav i dei fleste revisjonssaker, og er av heilt essensiell verdi for økologien i vassdraget og for landskapet. Etter 1960 har tilsiget til reguleringsmagasina auka betydeleg. På Vestlandet ca 10 %. Revisjonskommunane meiner at dette "ekstravatnet" , som regulantane hittil har fått disponere fritt, bør gje grunnlag for minstevassføringar.
Manøvreringsreglement
Vassdraga blei i si tid regulert for produksjon av vinterkraft. Om somrane blei magasina fylt så langt opp mot høgste reguleringsvasstand som mogleg. Både på grunn av lite behov for sommarkraft og fordi regulantane hadde eit forsyningsansvar i sine dekningsområde. Dette ansvaret blei oppheva med Energilova i 1990. Seinare er overføringsnettet til utlandet blitt sterkt utbygd, og nede på kontinentet er det på varme sommardagar sterk etterspurnad etter norsk vasskraft som toppkraft på dagtid. Termiske kraftverk (kolkraftverk) er da mindre energieffektive fordi det da ikkje er behov for overskotsvarmen. Dette fører til at magasina blir regulert på ein anna måte enn tidlegare, med større nedtapping også om sommaren og såkalla effektkjøring (variasjonar i regulering over stutt tid).
Redusert vasstand om sommaren er ikkje bare uheldig for landskapsinntrykk og turisme, men gjev også dårlegare vilkår for fisk og andre organismar som skjoldkreps. Sommaren 2006 var fleire av magasina sterkt nedtappa, og for Bordalsvatn i Vinjekommune er det rekna ut at fiskeproduksjonen kan ha vore redusert til det halve i høve til normale somrar. Redusert vasstand gjev også ofte tydelege ulemper for bruken av vatna til fiske og bruk av båt. For kommunane er det viktig å nytte vilkårsrevisjonen til å gardere seg mot utslaga av nye måtar å regulere på. Det blir derfor reist krav om fyllingsnivå og om tapperestriksjonar. Sjølve reguleringshøgda er ein del av konsesjonen og er ikkje emne for revisjonssakene.
Miljøfond og næringsfond
Mange av dei miljøproblema som er komne etter regulering kan ikkje knytast bare til bestemte vassdrag, men verkar også inn på vilkåra for natur og friluftsliv generelt. Døme på dette er villreintrekk som er stengt og nye fiskeartar som røye og ørekyt som har spreidd seg i kjølvatnet av reguleringa og som nå reduserer produksjonsgrunnlaget for aure.
Næringsfond er mellom anna heimla i Konsesjonslova (1917) og er tenkt som ein kompensasjon for allmenne interesser som kan bli skadelidande pga reguleringa. Da konsesjonen for Tokkekraftverka blei gitt i 1956-63, var omsynet til reiseliv og turisme lite vektlagt. Trass i at utbygginga førte til store inngrep mellom anna på Hardangervidda. OED har seinare uttala at det skal "særlege grunnar" til for at det skal vera aktuelt med næringsfond. Etter vårt syn finst det ikkje dekning for å avvise næringsfond på prinsipielt grunnlag.
Grøn kraft
Innan 2020 er det framlegg om at 20 % av energibruken i EU skal vera fornybar (Fornybardirektivet). Medlemslanda kan nå dette målet mellom anna ved å importere vasskraft. Ein marknad for "grøn kraft" er under utvikling, og kraft som kan dokumenterast å tilfredsstille krava kan oppnå betre pris. Dette vil etter kvart truleg også gjelde delar av den krafta som blir produsert frå eldre utbyggingar. Standardar gitt i International Hydropower Association Sustainability Protocol blir i dag nytta for å dokumentere miljømessig bærekraft ved norske prosjekt i utlandet, og har mellom anna minstevassføring som krav.
Vassdirektivet
EU sitt vassrammedirektiv blei gjort gjeldande i Noreg frå 1.1.2008. Målet med direktivet er å oppnå minst god kjemisk og bakteriologisk vasskvalitet i alle vassførekomstar. God økologisk tilstand er målet for alle naturlege vassførekomstar. For regulerte vatn og vassdrag skal ein gjera det beste ut av situasjonen (oppnå godt økologisk potensial). For å nå målet blir det laga forvaltningsplanar. Forvaltningsplanane inneheld mellom anna karakterisering av økologisk tilstand, konkrete miljømål for dei enkelte vassførekomstane og eit tiltaksprogram med kostnadsoverslag som grunnlag for prioritering. Dei fyrste forvaltningsplanane etter vassdirektivet blir sendt ut på høyring i denne månaden.
Etter påtrykk har OED akseptert at vilkårsrevisjonar kan samkjørast med vassdirektivet. Av revisjonssaker gjeld dette mellom anna Tokke-Vinjevassdraget, Numedalslågen, Aura og Barduvassdraget. Vassdirektivet skal vera retningsgjevande for alle delar av forvaltninga, også for OED. Men i Vinstrasaka har ikkje OED nemnt vassdirektivet i det heile. Det er tidlegare bestemt at det er OED som skal avgjere revisjonssaker. På den måten synes det som om dei kan overkjøre vedtekne forvaltningsplanar etter vassdirektivet.
Fyresdal 21.1.2009
Helge Kiland, Faun Naturforvaltning
(sekretær for Kraftutvalet og rådgjevar for Tokke og Vinje kommunar i revisjonssaka)